Dette er nok denne sommaren me kjem til å hugsa for det dårlege veret. Dette er den sommaren eg har hatt regnklede høgt på ynskjelista... -> Tragisk!
Dette er sommaren eg ikkje har vore på stranda, dette er sommaren eg bare har "stupt" ein gong frå Tjålandssteinen... Dette er nok den einaste sommaren eg faktisk ikkje har hatt lyst på ferie; eg vil heller byrja på skule..!
Som de sikker sjølv har erfart, har ikkje veret vore så veldig fint, men men... Nok klaging.
Bra om veret:
No set me meir pris på dei dagane det faktisk er sol! =)
Det er ikkje så kjipt å vera inne på arbeid når eg veit at det er storm ute..
I helga som var tok knehønene turen bort til Haugesund på
U(ngdomens)
L(andsmøte). Det var veldig kjekt. Der fekk me drøst med mange tidlegare tryggheimsfolk og var på flotte møter.
Me sov på sovesal, noko som var primitivt nok for oss... Det er jammen godt at me ikkje søv i same rom som omlag 30 jenter kvar natt. (Der nokon snorkar, andre går me "flyvertinnesko".
UL, det ga meirsmak, så neste år tar me nok turen til Kongeparken... 29. juli til 2. august skjer det! :)